top of page

Oppstart av UngMeistring

Forfatterens bilde: Øyvind GrimsgaardØyvind Grimsgaard

Vi er endelig i gang med UngMeistring, et fireårig prosjekt med mål om å øke tilgangen på psykiske helsetjenester for ungdom gjennom digital teknologi. Det skal bygges åtte digitale nett- og spillbaserte selvhjelps- og behandlingsprogram for ungdom på plattformen vår. Prosjektet ledes av Helse Bergen Hf og i konsortiet deltar blant annet Helse Stavanger Hf, Helse Fonna og Helsedirektoratet.

 



Denne veka var det duka for opning av UngMeistring. Fleire av partnerane var samla for å få informasjon om oppstart og vegen vidare.

UngMeistring er eit nytt prosjekt i Forhelse i samarbeid med fleire partnerar. Prosjektet sit hovudmål er å utvikla og evaluera åtte digitale nett- og spelbaserte sjølvhjelps- og behandlingsprogram for ungdom mellom 13 og 18 år. Desse programma skal ta for seg fire diagnosar; spiseforstyrringar, angst, ADHD og depresjon.

Prosjektet fekk tildelt 25 millionar kroner frå Norges Forskningsråd under Pilot Helse programmet. Helsedirektoratet har gjennom sitt prosjekt DigiUng kome med ytterlegare midlar, og er med som partnar i prosjektet. Prosjektet er leia av Helse Bergen og Kristin Bruvik er prosjektleiar.

UngMeistring har ein tverrfagleg og brei samansetting av samarbeidspartnerar:

  1. Helse Bergen HF

  2. Helse Fonna HF

  3. Helse Stavanger HF

  4. Universitetssykehuset Nord-Norge HF

  5. Helsedirektoratet

  6. Helse Vest IKT

  7. Sjukehusinnkjøp

  8. Universitetet i Bergen

  9. Bømlo kommune

  10. Attensi

  11. Youwell

  12. SkillUp AS

Prosjektleiar Kristin Bruvik var svært fornøyd med dagen;

Det var fint å sjå så stort engasjement hjå partnarane. Dette prosjektet vil utfordre nye sider ved nettbasert behandling som vi ikkje kjenner svaret på, mellom anna knytt til korleis ein skal ta i vare personvern for ungdom som ikkje har bank-id, seier Bruvik.

Ifølgje Bruvik har ein sett ei kraftig auke dei siste to åra i behovet for psykiske helsetenester for ungdom.

Det blir interessant å arbeide med brukarinvolvering for å forstå behova til ungdommane vi vil hjelpe. I prosjektet vil vi knytte saman teknologi og fagleg innhald på ein måte som engasjerer ungdommane og som gir ein positiv helseeffekt. Vi vil rette oss både mot digitale plattformer som ung.no der ungdommane kan finne hjelp på eigen hand, vi vil samarbeide med kommunane for å styrke deira tilbod til ungdom, og vi vil styrke spesialisthelsetenestene med digitale verktøy som kan hjelpe fleire meir effektivt, seier ho.

Opningsseminaret var prega av ein engasjert og kompetent gjeng med stor fagtyngde på ulike fagområder. I prosjektet vil det blant anna vera klinikarar frå BUP tenestane, næringslivspartnerar med erfaring i å utvikle digitale helseprogram og representantar frå både primær- og spesialisthelsetenesta. Dersom du ynskjer å lesa meir om prosjektet kan du gjera det her.




19 visninger

Besøksadresse :

C. Sundts gate 17-19, 5004 Bergen

Kontakt :

Org.nr :

916 293 739

Postadresse :

Postboks 234 Sentrum, 5804 Bergen

  • social-facebook-64x64
  • social-linkedin-64x64

© 2024 · Youwell AS

wp-wp-content_uploads_2017_06_Miljfyrtarn-norsk-farger.png
bottom of page